Presentasjon av ny teknologi for resirkulering av metall

– For Zpirit har det vore spennande å bidra til Nuvosil si reise mot å bli ein viktig bidragsytar i overgangen til lågutsleppssamfunnet, seier dagleg leiar Oddvar Hårde, og legg til:

– For oss har det handla om å få kommunisert det geniale og patenterte teknologikonseptet, både til investorar, marknad og samfunn.

Løysinga til Nuvosil går ut på å resirkulera metallspon utan å smelta det på tradisjonelt vis. Resirkuleringa skjer i staden gjennom en ekstruderingsprosess ved bruk av trykk, temperatur og skjerekrefter. Ein treng berre minimalt med rein elektrisk kraft og produktet blir ei legering av aluminium og silisium som har stor nytteverdi for aluminiumsindustrien.

Resirkulering av silisiumspon frå produksjonen av solceller er ei stor utfordring, og marknadspotensialet stort. Mengdene med tilgjengeleg silisiumavfall og aluminiumskrap er allereie betydeleg, og forventa å stiga i åra som kjem. Nuvosil har fått 11 millionar kroner i ENOVA-støtte og er allereie i ferd med å vidareutvikla og kommersialisera drifta si. 

– Dette er har vore eit godt og effektivt samarbeid, der ingeniørkompetanse raskt har funne tonen med eit praktisk kommunikasjonsbyrå. Det blir det resultat av, avsluttar Hårde.