Juleverkstad med blodferske ingrediensar

Julemennene og julebrusen er komen i butikkhyllene, og i Zpirit er produksjonen av julekort godt i gang. For ein av kundane våre har det involvert dagsfersk laks, silkepapir og plenty med maling!

Førre veke debuterte nemleg dei kreative designarane våre Else og Jon Olav som gyotaku-kunstnarar, i arbeidet med årets julekort for Ocean Quality – salsselskapet for oppdrettsselskapa Bremnes Seashore og Grieg Seafood. Gyotaku er ei gammal japansk kunstform der ein lagar avtrykk av fisk, ein metode med røter attende til midten av 1800-talet. Ei historie seier at kunstforma starta med fiskarar som ville dokumentera fangsten, ei anna forklaring skal vera at ein japansk keisar ville ha ei nøyaktig oversikt over alle fangstane han fekk, og bestilte avtrykk av de ulike fiskeslaga han fanga.

Råvara til vår trykking henta me naturlegvis rett frå produksjonslinja til Bremnes Seashore i Øklandsvågen på Bømlo. Etter trykkinga fekk dei flotte laksane seg ein grundig vask, før ein av dei vart bakt i omnen med asiatiske smakar og servert til lunsj. Måltidet gjorde stor suksess, og me ventar at det ferdige julekortet vil gjera det same.

gyotaku-1
Plenty med maling må til!
gyotaku-2
Designarane Jon Olav og Else debuterer som gyotaku-kunstnarar, i arbeidet med årets julekort for Ocean Quality.
gyotaku-3
Digitalisering og ferdigstilling.