Lærling Jens Erik Eriksen og olje- og energiminister Tord Lien fekk æra av å trykka på startknappen, då Kværner Stord 31. mars markerte den viktige produksjonsstarten for Johan Sverdrup-prosjektet med brenning av den første stålplata til bustadplattforma. Tilsvarande seremoniar blei samstundes arrangert på Apply Leirvik, som skal byggja bustadkvarteret til plattforma, og hos Kværners underleverandørar i Gdansk og Gdynia i Polen.
På storskjerm i brennehallen kunne dei mange Kværner Stord-tilsette som deltok på markeringa følgja livebilete frå alle dei fire lokasjonane, ein produksjon Zpirit hadde ansvaret for.
– Eit utfordrande oppdrag. Ikkje berre hadde me ansvaret for filming og produksjon on-site i brennehallen, men me ordna og samkøyra også dei tre innkomande biletstraumane frå Seglneset, Gdansk og Gdynia. Alt dette blei sydd saman til ei heilskapleg livesending som inneheldt levande bilete, animasjonar og stillbilete. I tillegg til å bli vist i brennehallen, vart sendinga også strøymd direkte til andre Kværner-lokasjonar, fortel Zpirit-regissør Petter Misje.
På fleirkameraproduksjonen for Kværner Stord vart regissøren stødig assistert av digitalutviklar Øyvind Eikeland og grafisk designar Jon Olav Rolfsnes. Med seg hadde dei også mykje av det tekniske utstyret til filmavdelinga i Zpirit.
– Me hadde førebudd oss godt, og alt gjekk som planlagt, smiler Misje, som har lang røynsle «bak spakane» på liknande sendingar. Regissøren jobba mellom anna med nettstrøyminga til NRK både under OL i 2008 og 2010.