I Zpirit er me stolte av å få bidra til å auka kjennskapen til verksemda gjennom produksjonen av selskapet sin nye profilerings- og rekrutteringsfilm, seier Magne Raknes, konsulent i Zpirit.
Ein sensor som måler trykk og temperatur på olje og gass nede på havbotnen, er hovudproduktet til Siemens Energy Bømlo. Gjennom årelangt fokus på kvalitet og vidareutvikling, har verksemda på Ternetangen skapt eit verdsleiande verktøy for den globale petroleumsindustrien.
Kvaliteten på Siemens-sensorane er vidgjeten, med eit nivå konkurrentane strekker seg etter. Sensoren skal nemleg måla nett like nøyaktig, sjølv etter 30 år med tøffe påkjenningar nede på havbotnen. Ei slik levetid oppnår Siemens Energy gjennom strenge krav i alle ledd av produksjonen, heilt frå materialval til programmeringa, loddinga, samanstillinga, sveisinga og dei grundige testprosedyrane.