Me har flytta inn i nye lokaler

Frå og med i dag måndag 4. januar er me å treffe i våre nye lokaler på Heiane, nærare bestemt i andre høgda i Ringveien 30. Velkomen innom for ein prat!

Les hele greia

God jul og godt nytt år!

I Zpirit pleier me å dra lasset saman, for me har sett at det gjev best effekt for kundane våre. Men når me i desse dagar tek med oss pikk og pakk og set kursen mot flunkande nye kontorlokale på Heiane, har nissefar sjølv teke på seg å visa veg og dra lasset.

Les hele greia

Nybygget tek form!

Dei som har køyrt innom Heiane i det siste har kanskje fått med dykk at nybygget vårt no byrjar å ta skikkeleg form. Vindaugo og mykje at det utvendige er allereie på plass, og arbeidet med å klargjere dei innvendige lokala er byrja. Om alt går etter planen, skal me boltra oss i nordre del av andre etasje frå årsskiftet av! 🙂 Sjå bileta under for ein utviklingsrapport:

Les hele greia

Nye krefter på laget

Me har fått fleire gode kollegaer, og det er jo alltid stas! Me har gleda av å presentere to staute karar som har byrja hos oss dei siste vekene. Saman styrkar dei vårt arbeid innanfor film og digitalt.

Les hele greia

Endå ein pris til Sunnhordlandsfilmen

Så var det tid for å jubla og tromma litt på pulten igjen! Sunnhordlandsfilmen, utvikla og produsert av Zpirit Reklamebyrå – med Simeon Frohm i regissørstolen, har sikra seg sin andre internasjonale pris!

Les hele greia

Hallo, verda!

Det er jo ein kjent strofe dette med at skomakarens barn har dei dårlegaste skoa, og me må vel til dels innrømme at me har lidd litt under dette sjølv. Me kan kome med ei unnskyldning om at ei nettside er eit levande medium og difor eit arbeid som aldri tek slutt, men det kan me jo ikkje seie for evig og alltid. Difor har me i løpet av sommaren har satt i sving alle klutar me hadde tilgjengeleg for å få på plass den nye nettsida vår som du no les på.

Les hele greia