Salte, for ein suksess!

Fleire tusen sunnhordlendingar var innom matteltet på Nattrutekaien og øldekket på M/S Sunnhordland, då den aller første utgåve av smaksfestivalen HERIFRÅ gjekk av stabelen på Vikjo i helga. Tilbakemeldingane fortel om eit arrangement som bokstaveleg tala fall i smak hos publikum, og arrangørane kan smilande konstatera at dei over 30 utstillarane delte ut tusenvis av smaksprøvar på lokalproduserte freistingar.

Me i Zpirit applauderer initiativet og den store dugnadsinnsatsen som Venelaget for M/S «Sunnhordland» og Matfatet Sunnhordland har lagt for dagane – der dei både har greidd å løfta fram lokale smaksopplevingar og skapa eit spennande og publikumsvenleg arrangement som fengjer og bidrar til liv og røre i sentrum. Me jublar også for at stordabuen og andre sunnhordlendingar responderte positivt og ønskjer reprise neste haust.

Til slutt vil me takka for tilliten me fekk til å utforma treffande namn, smakfull profil og effektfull marknadsføring for smaksdagane!

Herifrå?

Velkomen til ei reise i fantastiske smaksopplevingar herifrå Sunnhordland. Hald av helga 6.-7. okt – dette vil du ikkje gå glipp av!

تم نشره بواسطة ‏‎Herifrå‎‏ في 20 يوليو، 2017