ELØ serverte beste festivalølet


Våre vener i En Liten Øl har gjort det igjen! I helga stemte publikum på Bergen Ølfestival fram Lys Ale Kis som årets beste festivaløl. Ølfestivalen, som er den største i Noreg, vart arrangert utandørs på Festningen i Bergen, og nærare 20.000 øl-interesserte besøkte dei 45 utstillarane.

Tidlegare i år vann Lys Ale Kis prisen for beste norskproduserte øl på Bergen whisky- og ølfestival. ELØ deltek også i delfinalen for beste norske øl i Det Norske Måltid, som kårar dei beste mat- og drikkeprodukta i Noreg og er landets viktigaste og mest prestisjefylte prisutdeling.