Invitasjon til GRATIS rådgjevingsmøte

zpirit-trampoline

Kvifor skal kundane og målgruppene dine velja deg, og korleis når du fram til dei med bodskapen din? Zpirit inviterer til GRATIS rådgjevingsmøte for di verksemd!

Mange tilbyr gode produkt og tenester, men får ikkje formidla dette på ein god måte til kundane sine. Kva og kor mykje skal ein seia i marknadsføringa, og korleis skal ein formidla? I det digitale og massive informasjonssamfunnet er det ikkje lett å oppnå merksemd og interesse, iallfall ikkje om ein har avgrensa midlar å nytta på marknadsføring.

Zpirit hjelper kvar dag verksemder i kampen om kundar og merksemd. Me er gode på å gjera andre gode, og bidrar til konkrete resultat så effektivt som mogleg. Me har lokale, nasjonale og internasjonale oppdragsgjevarar, store og små. No tilbyr me eit gratis arbeidsmøte for dei som vil prøva oss, der me saman ser på DI VERKSEMD og kjem med konkrete råd og innspel – som du uavhengig av oss, fritt kan nytta vidare.

Agenda for rådgjevingsmøtet:

  1. Me gir ein kort velkomst og info om Zpirit.
  2. Presentasjon av di verksemd (me får m.a. veta kven de er, kva de tilbyr, korleis det går og kva de ev. ønsker).
  3. Basert på informasjonen me får og supplerande spørsmål/dialog, kjem me med råd og innspel til forbetring og løysingar. Der det er aktuelt, vil me kunne visa tiltak gjort for andre i tilsvarande situasjonar, og resultata av desse tiltaka.

Me ser for oss at møtet varer ca. 1,5 t. Me tek kontakt for avklaring av møtetidspunkt.

Har du spørsmål, kontakt:

anne-birgitte-lowAnne Birgitte Stenberg
Prosjektleder

Telefon: 415 34 079
E-post: annebirgitte@zpirit.no

Påmelding:

Påmeldingsfristen var ut september, og det er diverre ikkje mogleg å melde seg på no.

Følg gjerne med på vår Facebook-side for evt. nye moglegheitar!