Nødvendig folkeopplysning?

Nyleg har Zpirit fått tillit og økonomi til produksjon av korte informasjonsfilmar om viktigheita av akuttberedskap ved Stord sjukehus og vegalternativet Sunnhordlandsdiagonalen. Begge filmane er tilpassa og spreidde via sosiale medium, med fleire tusen visningar på kort tid.

Me har hatt framsynte og engasjerte oppdragsgivarar, som erkjenner at mange gode og viktige detaljar ofte ikkje når fram til folk i saker som er så omfattande at verken presse, politikarar eller fagpersonar får formidla dette klart nok. Dette er ikkje nødvendigvis fordi «dei» gjer ein dårleg jobb, det skuldast like gjerne at me alle har eit filter mot for store mengder informasjon og at interessene våre er fordelte på så mangt. I ein kvardag der alt går raskare er det også enklare å mista dei viktige detaljane. Her slår nytteeffekten av komprimert og interessevekkjande informasjon via sosiale medium inn for fullt. Er saka aktuell og interessa vert vekt, er bodskapsformidlinga i gang.

For oss som jobbar med optimalisering av bodskapskommunikasjon, er det ekstra givande å sjå allmenn nytteeffekt av det handverket me leverer. Og ikkje minst blir me motiverte til innsats når me opplever at gode krefter og næringsliv går saman for sine folk og område.

Takk til alle dei støttande kreftene bak sjukehusfilmen og filmen om Sunnhordlandsdiagonalen!

Sunnhordlandsdiagonalen

Les meir om prosjektet her.

Den avgjerande tida

Les om prosjektet her.