– Har lært utruleg mykje

Vetle_portrett_img_5387

Vetle Kleveland Straume (15) frå Stord drøymer om å jobba i filmbransjen. På vegen mot målet tok han ein pit-stop i Zpirit.

Førre veke hadde me i Zpirit gleda av å ha Vetle i arbeidsveke hos oss. Her har han fått bryna seg på ulike oppgåver, og var mellom anna prosjektleiar for utvikling og produksjon av stamkort til faren sin utestad.

– Rune Skjærvold lærte meg heile prosessen, frå oppstartsmøte til kontakt med kunde, innhenting av pris frå trykkeri og ferdigstilling. Undervegs gav han meg mange gode råd om alt eg må tenkja på i eit slikt prosjekt, smiler Vetle – med dei ferdigtrykte stamkorta fint stabla på kontorpulten framfor seg.

 

Vetle_arbeidsplass_utsnitt_img_5387

I løpet av veka har han også jobba litt med nokre eigne filmsnuttar, og han har nytta sjansen til å studera prosjekta som me i Zpirit har jobba med.

– Eg har hatt det veldig kjekt, og har lært utruleg mykje. Alle saman har vore svært vennlege, og ikkje minst lærevillige, synest Vetle, som går 10. trinnet på Nordbygdo ungdomsskule.

Til hausten ventar vidaregåande utdanning, og 15-åringen har planen klar.

– Eg ønskjer å gå media og kommunikasjon. Og etter avslutta utdanning, håpar eg å kunna jobba innanfor filmbransjen, fortel stordabuen.

Me i Zpirit ønskjer Vetle lukke til vidare!